Om Erketunet Gardsbakeri

Handverksbakeri med historiske røter

Mitt navn er Jenny-Marie Håland. Eg bur på Erketunet gard i gamle Jølster kommune. Eg har 5 born og er gift med Kjartan, bonden i Erketunet. Der driv vi med melkekyr og sauer.

Jenny-Marie Håland i bakeriet, med korger av bakst på benken

Frå kjellaren på garden

I 2015 tok eg bakehobbyen eit steg vidare og starta Erketunet Gardsbakeri i kjellaren på gardshuset. Kjellaren frå 1700 talet vart bygd om til eit fullverdig bakeri. Med støtte frå Innovasjon Norge, gode råd frå Kompetansenavet Vest, mentor Øystein Løvlie og Holli Mølle vart bakeriet ein realitet og opna dørene 14. november 2015.

I seks flotte år var bakeriet i drift på garden. I denne perioden var bakeriet ope 1-2 dagar i veka. Vi var også med på Bondens Marked, Reko-ring og andre messer rundt om i nærområde.

Nybakte surdeigsbrød på benken

Til Førde og Oslo

Bakeriet i kjellaren vart etter kvart for lite, så når vi fekk moglegheit til å starte i nabobyen Førde, greip eg sjansen. Etter etableringa i Førde har det gått raskt framover. Vi har no to lokasjonar i Førde. Erketunet Gardsbakeri som driv som bakeri og kafe, og Erketunet Elvekanten som driver med kafe og catering.

I 2023 vart vi henta til Oslo by. Dette var ei spennande utfordring å få som vi ikkje kunne takke nei til. I Oslo er vi no godt i gang å drifte Erketunet Gardsbakeri Oslo, der vi har både bakeri, kafe og restaurant i same lokalet.

Jenny-Marie Håland med eit brett nybakte bollar

Velkommen skal du være til alle våre lokaler!

Finn næraste bakeri